Torje Bjørke

Torje Bjørke er svært fornøgd med Evenstad som studiestad.

Interessa for natur og mykje praksis kombinert med teori gjorde at Torje Bjørke valde Årsstudium i skogbruk på Evenstad.

 

- Eg har ei stor interesse for jakt, fiske, friluftsliv - ja, kort sagt det å vere ute i naturen. Ei utdanning innan skogfaget gir gode mogelegheiter for jobb etter fullført utdanning, fortel 21-åringen frå Sør-Fron i Oppland.

Så langt, kva synes du om studiet?

- Det er veldig bra. Vi lærer alt frå det grunnleggande til det meir avanserte. Det er veldig mykje praksis som blir kombinert med teori. Eg synes denne kombinasjonen gir svært god læring. Her på Evenstad er det meir praksis enn til dømes på Ås, som er ein av grunnane til at eg valde å studere her i staden for på Ås.  

Kven passar studiet for?

- Det passar godt for alle som likar å vere ute i naturen. Ei interesse for natur er viktig, ettersom dette er ei "grøn utdanning". Det er mykje arbeidsoppgåver på skulen, så ein må vere motivert for å klare å gjennomføre det intense året. Vi lærer svært mykje gjennom 10 månader og då blir det intenst.

Korleis er mogelegheitene for jobb etter fullført studium?

- Slik eg har forstått er det gode mogelegheiter for jobb, og det er ein breitt spekter i forskjellige typar jobb. Ein kan søke seg jobb med mykje kontorarbeid, eller søke på jobbar der ein er meir ute i felt. 

Kva gjer Evenstad ein bra plass å studere?

- Fyrst og fremst ligg det fint til. Her ligg skulen midt i naturen, omkransa av skog, fjell, dyreliv, fiskemogelegheiter og så vidare. Det tek difor ikkje mykje tid å reise ut for og ta læringsarenaen ut i naturen. Her på Evenstad er det også veldig mange studentar med lik interesse, så det er naturleg at det er eit godt studentmiljø på campus. 

 

aar_skog_hoved

Årsstudium i skogbruk passer for alle som likar å vere ute i naturen, seier Torje Bjørke

Publisert: .