På Campus Evenstad ligg forholda godt til rette for at studentane kan ha med hunden sin.

På Campus Evenstad ligg forholda godt til rette for at studentane kan ha med hunden sin. 

Det finst mange mogelegheitar for studenter med ei mastergrad i anvendt økologi, sier Christina M. Stølhaug, som er masterstudent i anvendt økologi på Campus Evenstad. Hun startet på sin mastergrad ved Evenstad i haust, etter å ha tatt ein Bachelor i utmarksforvaltning ved Høgskolen i Nord-Trøndelag.

Du har tidlegare studert utmarksforvaltning på Steinkjer, kva inntrykk har du fått av Evenstad?

Her finst det mange mogelegheiter, men ein må vere litt kreativ og oppfinnsam for å nytte seg av dei. Masteri i anvendt økologi blir veldig forskjellig frå bacheloren eg tok ved Høgskulen i Nord-Trondelag, fordi dette er ein mastergrad og dermed meir teori.  

christina1

"Lyst å jobbe innan forsking", Christina M. Stølhaug, Master i anvendt økologi.

Kva synes du om at Evenstad er såpass lite?

Evenstad er ein svært liten plass ja, men det er ikkje nødvendigvis negativt. Som hundeeigar tykkjer eg det er veldig bra tilrettelagt for studentar med hund. Eg likar meg best på små plassar og trivst difor på Evenstad.

Kva gjer Campus Evenstad ein bra plass å studere master i anvendt økologi?

Evenstad er den einaste høgskulen som tilbyr mastergrad i anvendt økologi. Elles er all undervisning på engelsk, noko som er enklare enn om berre noko skulle vere på engelsk. Me har 14 i klassen, og heile 10 av dei er utanlandske, noko som gjer at ein får mykje innflytelse og eksemplar frå ulike delar av verda. 

Kva vil du etter studiane på Evenstad?

Eg har lyst å jobbe innan forsking, og derfor passar anvendt økologi betre enn mastergraden i naturforvaltning som blir tilbydd på Ås. Det finst mange mogelegheitar for student med mastergrad i anvendt økologi, og eg håpar å få ein jobb i nærområdet mitt i Nord-Trøndelag.

 

Publisert: .