Magnar Øygarden i fjellet med fiskestanga.

Magnar Øygarden på ein av sine mange fisketurar.

Eit fantastisk studie og ypparleg plassert i nærleiken av eit av Norges beste jaktterreng, meiner Magnar Øygarden (21) som tar Årsstudium i jakt, fiske og naturveiledning.

Kvifor valde du Årsstudium i jakt, fiske og naturveiledning?

- Eg har ei interesse for jakt og ville lære meir om hobbyen min. Her tilbyr dei meir praktisk undervisning enn teoretisk, noko som gjer at læringa blir svært interessant.

Kva syns du om studiet?

-Det er fantastisk. Det er ein fin blanding av teori og praktisk undervisning. Vi har vore svært mykje ute på jakt, og når vi jaktar er det ikkje berre jakt – det blir brukt som ein læringsarena. Her i området er også eit av Noregs beste jaktterreng, så plasseringa av studiet kunne ikkje vore betre!

Kva synes du er mest interessant?

-Jakt på storvilt er min hobby, så å komme her å lære meir om ulike vilt er svært spanande.

magnar3

Magnar Øygarden stortrivast som student på Evenstad

Korleis bur du på Evenstad?

-Eg har ein studenthybel mellom Koppang og Evenstad som eg delar med to andre Evenstad-elevar. Eg søkte fyrst på studentbustad på campus, men det var fullt, og då fekk eg god hjelp frå høgskulen om ledige og rimelege studenthyblar i området. Så då var det veldig enkelt å få plass å bu.

Kven passar studiet for?

-Dette studiet passar for dei som har ei interesse for jakt og fiske. Folk må ikkje ha jakt- eller fiskeerfaring for å studere. Folk kjem med forskjellig erfaring og lærar av kvarandre. Kunnskapsnivået er ikkje viktig, men ein må trivst med å jakte og/eller fiske.

Noko som har overraska deg med studiet?

-Kvaliteten på lærarane har overraska meg positivt. Kunnskapsnivået ligg svært høgt. Det er også svært mykje praktisk undervisning, faktisk meir enn forventa. Plasseringa av studiet er også overraskande bra. Vi har Glomma som vi fiskar mykje i, og jaktterreng til både storfugl og storvilt.

 

magnar2

Studentene på Evenstad er mykje ute i naturen.

 

 

 

Publisert: .