Opning av "Skrotten"

«Skrotten» er eit nytt tilskot i satsinga på auka kvalitet i undervisninga ved Høgskolen i Hedmark si avdeling for folkehelsefag. 

Konkret er det snakk om eit nytt område i biblioteket på Campus Elverum som skal gi studentane ei ny inngang til emna anatomi og fysiologi. «Skrotten» er utstyrt med eit bredt utval av anatomiske modellar, bøker, elektroniske hjelpemiddel, mellom anna ulike spel, arbeidsplassar med skjermar, sittegrupper med meir, der studentar kan arbeide med emna aleine eller i lag.   

Høgskulebiblioteket - eit moderne læringssenter

-Biblioteket vårt er på veg til å bli eit moderne læringssenter, sa dekan Sven Inge Sunde i si tale under opninga av det nye studieområdet. 

Mange interesserte studentar og tilsette hadde møtt opp for å få ein smakebit av kva det nye området kan by på.  Folk fekk tildelt sprudlande drikke ved inngangen til et område dominert av digitale verktøy og andre hjelpemidlar.  Det var trongt om plassen så mange måtte stå på galleriet for å få med seg alt det spennande som gjekk føre seg.    

Opninga blei innleia av Anne-Cathrine Overskott som er leder av avdelingsbiblioteket på Campus Elverum. Ho ynskja alle velkomen til ein ny del av biblioteket som skal gi eit større innblikk i anatomi og fysiologi.

-Frå biblioteket si side er alt lagt til rette for at studentane skal få eit større utbytte av å besøke biblioteket, sa ho.        

Thorsteinn Sigurjónsson og Tor Solbakken gav ein innlevande forelesing om skjelettet sin funksjon og viktighet

Thorsteinn Sigurjónsson og Tor Solbakken gav ein innlevande forelesing om skjelettet sin funksjon og viktighet

Innlevande om skjelettet

-Målet er at senteret skal gi studentane eit større fokus på naturvitskapleg  tenking, og gi dei læring også utanfor forelesningssalen. Det er viktig at dei også kan ta og kjenne på kunnskapen, seier forelesar Thorsteinn  Sigurjónsson, som stolt fortel og visar fram det nye konseptet saman med Tor Solbakken.  

Dei to gav ein innlevande forelesing om skjelettet sin funksjon og viktighet. Dei utfordra også dekanen og ordføraren saman med studentar til å sette namn på dei riktige delane av skjelettet ved å nytte seg av dei nye digitale hjelpemidla. Det endar uavgjort og dei får utdelt premiar  for den gode innsatsen.  

Dekanen gratulera alle saman med det nye senteret og gav ein spesiell takk til alle aktørane som vært med. Referansegruppa, som har bestått av studentar som ynskja å hjelpe til, vart og takka. Denne gruppa kjem vidare til å arbeide med å utvikle eit akademisk spørjespel som dei vonar at studentane vil nytte seg av.   

"Break a leg"

Dekan Sven Inge Sunde og ordføraren Erik Hanstad opna saman området ved å dele eit bein i to.

Ordfører og dekan_amputasjon

- Eg skulle ynskje at eg kunne ha nytta meg av slike fasilitetar då eg studerte, sa ein imponert ordførar Erik Hanstad, som tidligare sjølv har studert fysioterapi. Han gratulerte både studentar, tilsette og alle dei involverte med dagen.

 

Av: Gaute Myhren Kornberg, praksisstudent 

Publisert: . Sist endret: .