Pris til P.O. Norell

Vi gratulerer førsteamanuensis P.O. Norell ved Karlstads universitet og Høgskolen i Hedmark med Samverkanstipendium 2014

Karlstads universitet feira førre veke si akademiske høgtid. Førsteamanuensis P.O. Norell, som både er tilsett ved Høgskolen i Hedmark, Avdeling for økonomi og ledelsesfag og i Karlstad, fekk tildelt Karlstads universitets Samverkanstipendium 2014

Norell fekk prisen for det store engasjementet han har lagt ned i arbeidet med å utvikle masterprogrammet MPA (Master of Public Administration) i samarbeid med Høgskolen i Hedmark. Utdanninga har eksistert sidan 2000. På norsk side har Yngve Haugstveit, frå høgskolen si avdeling på Rena, vore den sentrale samarbeidspartnaren til Norell.

I grunngjevinga heiter det at MPA-programmet no er utvikla til eit mykje omfattande samarbeidsprosjekt der universitet frå ti europeiske land arbeider saman i eit nettverk. P.O. Norell har vore ein drivande kraft i nettverket. Han har arbeidd ikkje berre med innhaldet, men også med pedagogikken og med finansiering av MPA-studiet.

Stipendet  blei delt ut av prorektor Thomas Blom. Stipendet er på 25.000 kroner og kan brukast til kompetanseutvikling. 

PO-Norell_diplomjpg

 

 

Høgskolen i Hedmark gratulerer P.O. Norell med stipendet og vil samtidig takke for den lange innsatsen for å utvikle samarbeidet mellom Høgskolen i Hedmark og Karlstads universitet!

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert: . Sist endret: .