Frå venstre: Ove Bergersen, Gunhild Tveit randen, Lise Iversen Kulbrandstad, Lars Anders Kulbrandstad og Gunhild Tomter Alstad.

Glade prisvinnarar frå Høgskolen i Hedmark. Frå venstre: Ove Bergersen, Gunhild Tveit randen, Lise Iversen Kulbrandstad, Lars Anders Kulbrandstad og Gunhild Tomter Alstad.

Høgskolen i Hedmark får Hvenekilde-prisen for modig og framtidsretta satsing på å byggje gode læringsmiljø for stipendiatar i lærarutdanning, nærmare bestemt innanfor norsk som andrespråk, norskopplæring i fleirkulturelle barnehagar og skular.

Det var på ein forskingskonferanse ved Universitetet i Stavanger at høgskolen fekk utmerkinga. Det kom heilt overraskande på dei to som fekk prisen på vegner av høgskolen, rektor Lise Iversen Kulbrandstad og professor Lars Anders Kulbrandstad ved Avdeling for lærarutdanning og naturvitskap.  Til saman har dei to rettleia fire stipendiatar som har disputert dei to siste åra: Gunhild Randen, Gunhild Tomter Alstad, Marte Monsen og Ove Bergersen. Ove Bergersen arbeider no på Universitetet i Stavanger, medan alle dei tre andre er høgskoletilsette frå Avdeling for lærarutdanning og naturvitskap.

Overveldande

-Vanlegvis er det ein stipendiat eller ein masterstudent som får denne prisen. Og prisvinnaren held ei forelesing.  I år stod det inga namn i programmet. Det stussa eg over, men tenkte likevel ikkje mykje meir over det. Så høyrde eg at juryen karakteriserte vinnaren med ord som framgangsrik, innovativ, mangefassetert, liten men stor, stor men liten. Eg såg meg rundt og lurte på kven det var, men plutseleg høyrde eg Høgskolen i Hedmark. Da kom tårane. Det var så overveldande, seier rektor Lise Iversen Kulbrandstad.

I grunngjevinga heiter det at høgskolen får prisen for oppbygging og vidareutvikling av godt læringsmiljø for ph.d.-stipendiatar. Professor Lars Anders Kulbrandstad får honnør for ei optimistisk tilnærming som skapar eit positivt samarbeidsmiljø og godt forskingsklima.  

-Dette var ei stor overrasking og ei stor glede. Eg oppfattar dette som ein honnør til heile fagmiljøet ved avdelinga og ser det som resultat av ei langsiktig oppbygging av eit fleirfagleg lærarutdanningsforskingsmiljø innanfor  Utdanning og diversitet, eit miljø som igjen er del av ph.d.-programmet i profesjonsretta lærarutdanningsfag, seier Lars Anders Kulbrandstad.

Høgdepunkt

For dei fire nyslåtte doktorane kom ikkje prisen som ei overrasking. Dei var førehandsinformerte og hadde fått i oppdrag å førebu prisforelesinga og halde henne på vegner av høgskolen.  Fire avhandlingar blei presenterte på ein time. Det imponerte deltakarane på konferansen.

-Forelesinga var høgdepunktet. Det var fire suverene prestasjonar – klart og tydeleg formidla med interessante funn. Det er verkeleig inspirerande å arbeide saman med dyktige og engasjerte stipendiatar og yngre kollegaer, seier Lise og Lars Anders. Når vi opplever slikt, blir vi svært så stolte av at Høgskolen i Hedmark har fått ein posisjon som eit leiande fagmiljø nasjonalt på forsking om andrespåk, fleirspråklegheit og opplæring og utdanning i eit fleirkulturelt samfunn.

Publisert: .