Bilde av deltakere i møtet mellom SIU og Høgskolen i Hedmark

F.v.: Einar Hugo, Anna L. Ottosen, Morten Ørbech, direktør i SIU Alf Rasmussen, Lise Iversen Kulbrandstad, avdelingsdirektør Kjell Pettersen (SIU), avdelingsdirektør Else Kathrine Nesmoen (SIU), Harry Andreassen, Jørgen Klein, Anette Gjerskaug og Pål Dietrichs. 

Måndag besøkte SIU Høgskolen i Hedmark. Direktør Alf Rasmussen leia delegasjonen frå SIU og med seg hadde han avdelingsdirektørane Kjell Pettersen og Else Kathrine Nesmoen. 

Formålet var at høgskolen skulle bli betre kjend med arbeidet til SIU samtidig, som vi fekk høve til å presentere delar av sitt internasjonale arbeid for SIU. Alt skulle bidra til ein dialog om kvalitet i utdanning.

Kvart år har SIU møte med leiinga ved eit utval av institusjonar innan høgre utdanning. SIU ønskjer å komme i tettare dialog med sektoren og samtidig styrkje kunnskapsgrunnlaget slik at dei betre kan bidra til arbeid med internasjonalisering ved institusjonane.

I si innleiing la Alf Rasmussen vekt på at SIU både forvaltar mange ulike program og utlysningar som skal styrkje internasjonalisering i utdanning på alle nivå, og dessutan har ei rolle som eit kompetansesenter. Erasmus +, EØS-middel, Nordplus og Utforsk er berre nokre av dei utlysningane som blei tematiserte.

-Ein inspirerande og nyttig dag, seier rektor Lise Iversen Kulbrandstad. Vi har eit tydeleg mål om å styrkje internasjonaliseringsarbeidet vårt. Vi opplevde at vi fekk god respons på det vi gjer og konstruktive råd om vegen vidare. Vi ønskjer å bli enda meir aktive i å søke middel frå ulike program som kan bidra til å styrkje moglegheitene til internasjonal utveksling og samarbeid, noko som igjen skal styrkje utdanningane våre.

Godord

Høgskolen fekk godord både for måten engelskspråklege program og utveksling er organiserte på, til dømes innanfor skog-, utmarks- og landbruksfag og for arbeidet med internasjonalisering i profesjonsutdanningane, både innanfor helse- og lærarutdanningane. Nord-sør-arbeid er ein tydeleg profil på det internasjonale arbeidet til høgskolen, og prodekanane Anette Gjerskaug og Jørgen Klein presenterte utveksling med Indonesia innanfor helseutdanning og internasjonalt semester til Namibia i lærarutdanningane. Ein annen tydeleg profil er grensesamarbeidet mot Sverige, mot Karlstads universitet og Høgskolan i Dalarna. Hit reiser mellom anna bachelorstudentar i musikkproduksjon i sitt fjerde semester. SIU kommenterte også det aktive samarbeidet høgskolen har med Canada både innanfor lærarutdanning, helse og anvend økologi og meinte at vi ikkje måtte gi opp å søkje programsamarbeid sjølv om vi enno ikkje har fått middel til store prosjekt.

Nye spanande opningar for internasjonalisering ligg i oppnemninga av Noregs første UNESCO chair til Høgskolen i Hedmark. Dette  var òg eit tema på møtet, og dekan Morten Ørbeck fortalde om planane om eit nytt engelskspråkleg tilbod som vil utnytte denne posisjonen. Her har høgskolen dessutan allereie vist at vi kan skaffe EU-middel, og vi fekk råd om at det er klokt å byggje vidare på dette.

Arbeids- og samfunnsliv

SIU hadde merka seg visjonen til høgskolen om kunnskapsutvikling for og saman med arbeids- og samfunnsliv. I Erasmus + er eit av områda kalla «Kunnskapsalliansar». Her er samarbeid med arbeidsliv og høgare utdanningsinstitusjonar det sentrale. Her kan det opne seg moglegheiter. I dei Horisont 2020-søknadene som blei sende innanfor anvend økologi tidlegare i år, var nettopp dette eit av dei nye elementa. Dekan Harry P. Andreassen fortalde at dette no blir vidareutvikla i søknader både til NFR og i nye søknader til EU.

-Vi ønskjer oss fleire samarbeidspartnarar i Europa. Vi vil prøve å bruke til dømes samarbeidet med Karlstad som springbrett og dessutan dei store moglegheitene som ligg i samarbeidet om UNESCO chair, seier prorektor Anna L. Ottosen. I dialogen med SIU fekk vi ny inspirasjon til dette arbeidet, og vi fekk positiv respons på ideen om å arbeide med å kople vår nord-sør-profil med eit styrka europeisk samarbeid. Fram mot 2020 er det eit viktig strategisk mål å gjere studentane våre enda betre rusta for å leve og arbeide i eit stadig meir globalisert samfunn. 

Publisert: . Sist endret: .