Alf Prøysen

Alf Prøysen (Bilde: Dagbladet)

Som ledd i markeringa av at det er 100 sidan Alf Prøysen vart fødd, arrangerer Høgskolen i Hedmark fredag eit seminar som set søkelys på språklege sider ved Alf Prøysens forfattarskap. 

Det er ei vanlig oppfatning at Alf Prøysen har spelt ei viktig rolle for norsk språkutvikling etter den andre verdskrigen ved at han skapte eit uttrykksfullt litterært språk med utgangspunkt i ringsakdialekten. På den måten var han med på å heve statusen til talemåla på det indre Austlandet og til norske dialektar meir allment.

På bakgrunn av dette er det overraskande at det er skrive så lite om Alf Prøysens språk. Det finst artiklar i antologiar, og ein del forfattarar er innom språket i tekstar som har eit anna hovudfokus, men det er ikkje noka masteroppgåve, hovudoppgåve eller doktoravhandling som har språket til Prøysen som det sentrale temaet.

Forskarar og forfattarar

Med seminaret tek Høgskolen i Hedmark initiativ til ein innsats for å råd bot på mangelen på vitskapeleg gransking av språket hos Alf Prøysen ved å samle forskarar og forfattarar som vil presentere arbeid på området. Det vert innlegg om m.a. Prøysens ortografiske strategiar, språket i svenske omsettingar av Prøysen og dialekt og identitet hos Prøysen.

Seminaret vert opna og avslutta med bidrag frå ein låtskrivar og ein tekstforfattar frå Hedmarken.

Seminaret er ope for alle interesserte og finn stad på Campus Hamar, fredag 14. november kl 1000 - 1730.

 

Sjå program og meir informasjon om seminaret 

 

 

Publisert: .