Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Jens Revold åpnet konferansen

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Jens Revold åpnet konferansen

Eldsjelene må takkast, sa statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Jens Revold, da han opna konferansen ”Lærarmangfald i ein fleirkulturell skole – utfordringar og moglegheiter for lærarutdanninga ” på Hamar måndag.

Eit imponerande initiativ frå eldsjeler nedanfrå har skapt eit nettverkssamarbeid mellom høgskolar om lærarutdanning som viser veg. Og ei eldsjel som blei takka særskilt av Revold, var høgskolelektor Bjørg Karin Ringen ved HH, som har vore prosjektleiar for det nasjonale høgskolesamarbeidet.

Samarbeidet har dreidd seg om å skape ei faglærarutdanning for tospråklege lærarar som kan bidra til å sikre framtidig lærarmangfald i norsk barnehage og skole (sjå www.hino.no).

Ein suksess
Revold fekk overlevert ei evaluering av prosjektet gjennomført av Berit Berg og Marko Valente, NTNU. Evalueringa omtaler prosjektet som ein suksess! Rapporten og lærarutdanning i fleirkulturelle skolar blir no diskutert tre heile dagar på Hamar. Leiande forskarar frå Danmark, Sverige, England, Skottland, Canada og Noreg diskuterer den norske utdanninga og problemstillingar ho reiser.

Konferansen hadde over 200 deltakarar. Ein slik konferanse er ikkje berre for etablerte forskarar. Som eit ledd i strategien med å involvere studentar meir aktivt i forskings- og utviklingsarbeid og dessutan arbeidet med å styrke det internasjonale perspektivet på lærarutdanning, er det særs gledeleg at meir enn 30 av studentane på høgskolens masterstudium i tilpassa opplæring og 10 studentar frå den tospråklege faglærarutdanninga deltok på konferansen.

Konferansen er hovudmarkeringa til høgskolen i samband med mangfaldsåret 2008.

 

 

HINO-evalueringsrapport overrekkes Revold

Bilete: Forskar Berit Berg (til høgre) overrekkjer evalueringsrapporten til statssekretær Jens Revold og prosjektleiar ved HH Bjørg Karin Ringen. (Foto: Lise Iversen Kulbrandstad)

Les og:
- Konferanse om flerkulturelle læringsarenaer
- Konferansens hjemmeside
- www.hino.no

Publisert: .