Naudnummeret til høgskolen:

+ 47 62 43 09 11

Krise i utlandet: klikk her

Intensjon

Ei krise er ein situasjon eller ei utvikling som er forskjellig frå det som kan sjåast på som normalt. Krisa oppstår relativt plutseleg og til ein viss grad uventa. Ei krise krev at ein fattar raske vedtak og fordeler ansvaret godt

Ein kriseplan er i seg sjølv ingen garanti for god handtering av ei krise, men han kan vere eit hjelpemiddel for å kunne koordinera handteringa av krisa best mogleg, og på den måten setje inn rett tiltak til rett tid. Kriseplanen skal difor vere ei rettleiing i korleis Høgskolen i Hedmark (HH) handterer ulike typar kriser.

Kriseplanen bygger på prinsippa om at den som har ansvaret i en normalsituasjon og skal handtere ekstraordinære situasjonar innan sitt område, og at kriser skal handteras på eit lavast mogleg nivå.  

Plans are nothing: planning is everything” (Dwight D. Eisenhower) I denne dimensjonen ligg det ei utfordring med eit slikt produkt. Planen er i seg sjølv ikkje relevant før han er gjennomgått og øvd med alle dei partane han gjeld, så vel tilsette som studentar.

Elverum, 04.12.2014

Pål Dietrichs
Høgskoledirektør

 

Varslingsplan                                      

Den som blir gjort merksam på ei krise eller ulykke skal, om det er behov for det, varsle

Brann: 110
Politi: 112
Ambulanse: 113

Så skal ein ringje naudnummerert til høgskolen – heile døgeret tlf: +47 62 43 09 11

Securitas opererer telefonnummeret på vegne av høgskolen og vil vidareformidle meldingar til krisegruppa til høgskolen.

NÅR DU VARSLAR, HUGS Å SEIE:

  • Kven du er
  • Kva som har skjedd
  • Kor skadestaden er/adresse
  • Kor mange som er skadde/ omfang av skaden

Ikkje alle kriser er livstruande, eller akutte. Den som blir kjent med, eller oppdagar ein krisesituasjon må vurdera om det er naudsynt å tilkalle offentleg apparat (ambulanse / politi / brannvesen), eller om det rekk å varsle avdelinga og skolen si leiing.

Kva er ei krise?

Kriseplanen bygger på ein risiko- og sårbarheitsanalyse der det er definert fem hovudområde for hendingar som kan ha høg risiko og utgjere ei krise.

Dette gjeld:

  • Hendingar med skade på menneske
  • Hendingar med skade på materielle og økonomiske verdiar
  • Hendingar med skade på organisasjon og funksjonalitet
  • Hendingar med skade på omdømme til høgskolen
  • Hendingar med skade på ytre miljø

Hendingane kan vere:

Større ulykke eller alvorleg hending, til dømes:

  • Dødsfall, alvorleg ulykke, sjukdom eller personskade der studentar og/eller tilsette ved høgskolen er involverte eller som skjer ved arrangement i regi av høgskolen eller på området til høgskolen
  • Leiteaksjon
  • Brann eller eksplosjon som fører til større materiell skade
  • Terroraksjon
  • Ei hending som vil ha konsekvensar for tilsette og/eller studentar
  • Ei hending som fører til stor pågang frå media
  • Ei hending som vedkjem alvorlege strafferettslege forhold og der politiet er kopla inn
  • Vald, sakna studentar, politisk uro med opptøyar, terrorhandlingar, unntakstilstandar/krigsliknande tilstandar, epidemiar og naturkatastrofer, eller andre alvorlege hendingar

 

DEL 1 - Generelt

Denne planen er rettleiande for operativ krisehandtering ved Høgskolen i Hedmark (HH) og trekkjer opp hovudlinjer for korleis denne verksemda skal utførast. 

Krisehandsaminga bygger på følgjande prinsipp:

  • Ansvarsprinsippet inneber at den som har eit ansvar i ein normalsituasjon også har ansvar for ekstraordinære hendingar på området.
  • Likskapsprinsippet inneber at den organisasjonen ein opererer med i ein krisesituasjon skal vere mest mogleg lik den organisasjonen ein har til dagleg.
  • Nærleikprinsippet inneber at kriser skal handsamast på lågast mogleg nivå.
  • Samvirkeprinsippet inneber at styresmakt, verksemd eller etat har eit sjølvstendig ansvar for å sikre eit best mogleg samvirke med relevante aktørar og verksemder i arbeidde med å førebyggje og handsame kriser.

Organisering

Det er høgskoledirektøren som i samråd med rektor har myndigheit til å setje i verk kriseplanen og bestemme omfanget av tiltaka.

Høgskolens krisegruppe

Høgskoledirektøren innkallar krisegruppa. Høgskoledirektøren er leiar av krisegruppa. Krisegruppa blir aktivert når det blir meldt om ei alvorleg krise, og elles når høgskoledirektøren finn det naudsynt å samankalle gruppa.

Krisegruppa har følgjande samansetjing:

  • Høgskoledirektøren
  • Rektor
  • Kommunikasjonssjef
  • Aktuell dekan
  • Personal- og organisasjonsdirektøren
  • Internasjonal rådgjevar (ved kriser i utlandet)

Krisegruppa trekkjer inn andre ressurspersonar om naudsynt.

Krisegruppa skal fungere som ”redningssentral” for høgskolen med følgjande operative oppgåver:

  • Kontakt og samordning med brannvesen, politi og helsevesen/ambulanse/legevakt
  • Samordning internt
  • Informasjonsoppgåver internt og eksternt
  • Vurdere behov for å innkalle psykisk og fysisk støtteapparat etter omfanget av krisa.

For å kunne setje i verk tiltak og sørgje for ei handlekraftig og koordinert leiing når krisa oppstår, er det nødvendig at alle kjenner den rolla og det ansvaret dei har, og at dei har tilstrekkeleg opplæring og øving. 

Studentane

Når studentar er involverte skal Studentorganisasjonen i Hedmark (StorHk) ved leiar og Studentsamskipnaden i Hedmark (SiH) ved administrerande direktør varslast om at krisegruppa er aktivert.

Avdelingane

Kvar avdeling skal ha ein beredskap for å vere i stand til å meistre krisesituasjonar som kan oppstå. Dekan ved avdelingane har ansvar for å byggje opp og ivareta dei naudsynte rutinane ved avdelingane. Det gjeld rutinar for varsling, telefonkapasitet, lister over tilsette og studentar.

Ei hending/ ein krisesituasjon med avgrensa konsekvens for høgskolen som heilskap og med avgrensa og lokal verknad skal som regel handsamast på den aktuelle avdelinga.

Eksempel på slike krisesituasjonar er:

  • Dødsfall blant einskilde studentar og tilsette på grunn av sjukdom eller ulykke på eller utanfor studiestaden (under dette óg sjølvmord blant studentar eller tilsette)
  • Student eller tilsett som er sakna 
  • Lokalt avgrensa utbrot av smittefarleg sjukdom blant studentar og/eller tilsette
  • Lokale tilfelle av kriminalitet, ran, tjuveri eller valdshandlingar på området til høgskolen

Politiet har ansvar for å kontakte dei pårørande til studentar. 

Internasjonal koordinator ved avdelinga skal hjelpe leiinga ved kriser i utlandet eller ved involvering av utanlandske studentar. Studentprest, sosialrådgjevar eller andre støttepersonar skal trekkjast inn om naudsynt.

Ved kjennskap til ei krise skal avdelinga alltid varsle krisegruppa.

Studentgrupper og organisasjonar

Ein student som opplever eller blir gjort merksam på ei krise eller ulykke som omfattar andre studentar, skal varsle: 

  • Brann: 110
  • Politi: 112
  • Ambulanse: 113

Så skal ein ringje naudnummeret til høgskolen – tlf: 62 43 09 11 (ope heie døgeret)

Studentsamskipnaden i Hedmark (SIH)

Ved kriser der høgskolen sine studentar er involverte, skal høgskolen si krisegruppe varsle direktør i studentsamskipnaden.

Dersom studentsamskipnaden får kjennskap til kriser som omfattar studentar ved høgskolen, skal studentsamskipnaden varsle høgskolen si krisegruppe ved høgskoledirektøren.

 

Studentorganisasjonen i Hedmark (StorHk)

Ved kriser der høgskolen sine studentar er involverte, skal høgskolen si krisegruppe varsle leiar i studentorganisasjonen.

Dersom studentorganisasjonen får kjennskap til kriser som omfattar studentar ved høgskolen, skal studentorganisasjonen varsle høgskolen si krisegruppe ved høgskoledirektøren.

 

Kommunikasjon og informasjon

Kommunikasjon og informasjon er eit svært viktig element i krisehandteringa. Kommunikasjonssjefen har ansvar for å leie kommunikasjons- og informasjonsarbeidet i ein krisesituasjon.

Kommunikasjon med pårørande og andre berørte

Ved dødsfall eller sjukdom er det politi eller helsevesen som informerer pårørande. Krisegruppa, i samråd med aktuell avdeling og politi/ helsevesen, avgjer korleis andre berørte skal varslast. Ved andre hendingar er krisegruppa ansvarleg for å informere pårørande og andre berørte.

Ekstern kommunikasjon

Kommunikasjonssjefen koordinerer i samråd med krisegruppa og den aktuelle avdelinga all ekstern kommunikasjon, og skal bistå politi og redningsetaten med naudsynt informasjon.

Kommunikasjonssjefen er ansvarleg for å etablere eit pressesenter ved større hendingar eller ulykker.

Markering ved dødsfall

Krisegruppa skal i samråd med den aktuelle avdelinga vurdere kva slags markeringar som skal gjennomførast. Det kan vere markeringar med bruk av flagg, kondolanseprotokoll og minnestund. Det er viktig å ha fokus på den einskilde situasjonen og på bakgrunn av han finne fram til ein omsorgsfull måte å markere dødsfallet på.

DEL 2 - Utland

Kriser i utlandet

Planen omtaler ansvaret HH har for tilsette og studentar i utlandet og kor ansvaret ligg internt ved HH.

Det er utvikla eigne Retningslinjer for utenlandsopphold, Høgskolen i Hedmark, der ein finn meir informasjon. For studenter se Studenter i utlandet

 

Prosedyrar for studentar og tilsette ved kriser i utlandet

Tilsette sitt ansvar

  • Før avreise skal den einskilde tilsette orientere seg om kva for ein utanriksstasjon som er nærast reisemålet. Sjå: UDs landsider 
  • Ved krise tar kontaktpersonen i gruppa eller ein anna deltakar om kontaktpersonen ikkje er tilgjengeleg, kontakt med næraste norske utanriksstasjon og høgskolen sitt naudnummer + 47 62 43 09 11.
  • Når ein reisar aleine tek den einskilde kontakt med næraste norske utanriksstasjon og høgskolen sitt naudnummer + 47 62 43 09 11.

Studenten sitt ansvar

  • Før avreise skal den einskilde studenten orientere seg om kva for ein utanriksstasjon som er nærast reisemålet. Sjå: UDs landsider 
  • Studenten tek kontakt med næraste norske utanriksstasjon og ringjer høgskolen sitt naudnummer +47 62 43 09 11

Internasjonal koordinator sitt ansvar

  • Den internasjonale koordinatoren skal ha oversikt over kor høgskolen har studentar, og har har annsvar for å følgje opp studentar ved si avdeling på utanlandsopphald.
  • Om internasjonal koordinator på avdeling får kjennskap til ein situasjon i utlandet som potensielt kan innebere ei krise med involverte studentar, skal krisegruppa og internasjonal rådgjevar underrettast. 

Internasjonal rådgjevar sitt ansvar

  • Om internasjonal rådgjevar får kjennskap til ein situasjon i utlandet som potensielt kan innebere ei krise med involverte studentar skal krisegruppa underrettast.
  • Inngå i krisegruppa ved kriser i utlandet.

Krisegruppa sitt ansvar

Sjå til at følgjande oppgåver blir tatt hand om i samråd med den aktuelle avdelinga;

  • Innhente all registrert informasjon om tilsette/studentar i det aktuelle området frå internasjonal rådgjevar og vurdera situasjonen
  • Kontakte den norske utanriksstasjonen på staden for informasjon og bistand.
  • Kontakta dei berørte tilsette og/eller studentane, gje rettleiing om kva dei bør gjere, og planleggje kva dei skal gjere om situasjonen endrar seg.
  • Forsikre seg om at all informasjon er korrekt før næraste pårørande til tilsette blir kontakta.  Det er politiet sitt ansvar å kontakte pårørande til studentar.
  • Avklare konsekvensane for andre studentar i området og avgjere om det skal setjast i verk tiltak for dei.
  • Avgjere om situasjonen er såpass alvorleg at dei tilsette og/eller studentane bør evakuerast. Utanriksdepartementet skal kontaktast i denne prosessen.
  • Avgjere høgskolen si offisielle respons på hendinga.

 

Del 3

Handlingskort 

Logg

Publisert: . Sist endret: .